Fjærevegen 8, 6800 Førde 917 16 044  

Om oss

Om oss:

 

Portservice Sogn og Fjordane driv med sal, service og reparasjonar av alle typar industri- og garasjeporter, spesialportar, bommar, parkeringsanlegg, grinder og tyngre innkøyringssystem. Vi leverer produkt både til privatkundar, næringsbygg, industri, og tyngre system til sikring av eks fjellanlegg, kraftstasjonar, flyplassar, ISPS hamner, mm. Våre tilsette har lang erfaring i bransjen, med vidt fagspekter og høg kompetanse innan heile produktområdet.

 

Historie:

 

Verksemda Nortronik, vart etablert som personleg føretak av Lars Nordvik, i 1995, innanfor produktområda industriporter og brannvern, tilknytt Norske Porter Gruppa (NPG). Endra til aksjeselskap i 2000. Eigen produksjon av ISPS grinder sidan 2001.

I 2003 vart dei to områda i verksemda Nortonik delt i to selskap, der NPG Portservice har betjent produktområdet porter og områdesikring. Frå 2008 har verksemda vore lokalisert, og etter kvart driven i samarbeid med Hellenes as, som avdeling.

For å utvikle vidare, og auke fokuset innan produktområdet porter og områdesikring, får verksemda på ny ein sjølvstendig driftsorganisasjon frå 01.01.2016.

 

 

Pris, kvalitets- og miljøpolitikk:

 

Portar har som forsikring to prisar, ein før og ein etter skade. Vi har som målsetjing å selje kvalitetsprodukt med god totaløkonomi for sluttbrukar over tid. Det betyr at vi ikkje alltid ynskjer å selje kunden det produktet som er absolutt billegast ved fyste gongs kjøp. Vi veit at reparasjonar og reservedeler i portbransjen generelt er kostbart, og veit også at skadar og slitasje vil oppstå.

Vi legg difor stor vekt på at både vi og våre produsentar held ein ansvarleg pris, kvalitets,- og miljøpolitikk, som gjer det lønsamt også reparere, og dermed ikkje bidreg til unødig miljøbelastning. Vi ser tydeleg at dette over tid, er god både totaløkonomi, og miljøpolitikk for sluttbrukar.

Vår hovudleverandør Novoferm, er ein tysk kvalitetsprodusent, med høg etikk, miljø og kvalitetsstandard, som legg vekt på å bidra med produkt som er både kostnads- og energirasjonelle for sluttkunde.

Målsetjing og strategi:

Vi har betjent kundar i portbransjen sidan 1995, og har ei klår målsetjing om også å være her i framtida. For å oppnå dette over tid, treng vi eit sundt driftsresultat, og kompetanse til å tilby deg som kunde den optimale løysingar for dine behov. Vi opplever att dei aller fleste kundar over tid vert gjengangar, noko vi er svært fornøgd med, og ynskjer å forsterke. Vi skal levere jobben trygt og sikkert, både for eige personell og kundens personell/ materiell

 

Team med lang, allsidig kompetanse og erfaring innan portbransjen :


Morten Bruket

Dagl leder/ sal

Tlf: 91716044

Morten @ pssf.no

 

Morten har hovudansvar for ordrebehandling, sal og reservedelssupport. Han har jobba med installasjon, feilsøk og sal over heile produktspekteret, sidan 2010, og har god kompetanse innan it og grunnleggande elektro. Har tidlegare erfaring frå bygg og ventilasjonsbransjen.

 

 


Knut Horne

Fagleder mekanisk/ sal

Tlf: 41503111

Knut @ pssf.no

 

 Knut har vore med i verksemda innan port, sidan 1997, og har dermed sers lang og brei erfaring innan bransjen. Har arbeid med heile produktspekteret, både reparasjonar, installasjonar, produksjon, produktutvikling, sal og service. Fagbrev som landbruksmekanikar, og tidlegare erfaring frå mekanisk produksjon og landbruksmekanikk.

 


Marius Steig

Fagleder elektro/ sal

tlf: 90247991

Marius @ pssf.no

 

Marius har arbeida i verksemda sidan 2010, har to fagbrev innan elektrofag, lang erfaring med feilsøksproblematikk på utstyr både med tradisjonelle og PLS styrte system. Hovudvekt på installasjon, oppstart og feilsøk av anlegg med tyngre styresystem. Erfaring frå jernbaneverkstad og landbruk.

 


Magne Flokenes

Montasje og serviceteknikar
Tlf: 92080244
Magne @ pssf.no


Magne har arbeid i verksemda sidan 2007, både med montering, igangkøyring, service og
reparasjonar. Han har brei erfaring innan eit stort produktspekteret og kjenner
lokalmarknaden. Har allsidig utdanning både innan byggfag, maskin, sveis, og lang erfaring
frå byggebransjen.

 


Anders Bjørnereim

Montasje og servicetekniker/ produksjon, sal garasjeporter

Tlf: 95852022

Anders @ pssf.no

 

 Anders har vore med i verksemda sidan 2008, på stort spekter innan montering, service, reparasjonar, og ikkje minst eigen produksjon innan områdesikring, grinder og sikkerhetsporter. Utdanning innan landbruk og agroteknisk. Tidlegare erfaring frå landbruk, bygg og anlegg.


Ikkje fast tilsett, deleigar og rådgjevar

Lars Nordvik

Tlf: 48137035

Lars @ pssf.no

Lars etablerte verksemda i 1995, og har over 20 års erfaring frå området.

Har arbeid med heile produktspekteret frå sal, service, reparasjon, montasje, produktutvikling og produksjon. Gjennomgåande kontaktnett i leverandørledda også internasjonalt. Fagbrev som industrimekanikar, med tilleggsutdanning innan økonomi, leiing, prosjektstyring, Lean, mm. Tidlegare bakgrunn frå mekanisk produksjon.